skald.no > Nytt > Spennande, sprekt og fagleg sterkt

Spennande, sprekt og fagleg sterkt

Vårens bøker 2008

Spennande, sprekt og fagleg sterkt

Vi kan vise fram ei samansett liste denne våren. Hardkokt krim, praktbok om rutebilen, Jostedalsbreen i turistbokformat og fargerike barnebøker er med på å oppretthalde ein spennande forlagsprofil.

Først ut, med lansering 20. februar, er krimen «Dødeleg arv» av Kai Martin Brekke. Dette er andre boka hans om Aurlandslensmannen Mikkel Holo. Debutboka «Nattergal» selde godt og fekk mykje positiv kritikk. I «Dødeleg arv» driv eit lik i land i Balestrand, og etterforskinga tek lensmann Holo til Geilo og Indre Sogn, før handlinga når sitt klimaks i Sogndal.

Ein annan vestlandsforfattar på årets vårliste er Gaute Losnegård. «Norsk rutebilhistorie» markerer at det er hundre år sidan faste bilruter kom i gang i Noreg og er den første boka som tek opp emnet på nasjonalt plan. Losnegård har tidlegare skrive fleire bøker med tema frå Vestlandet.

Reisebokserien til Skald vert i år utvida med ein tittel. «Jostedalsbreen» er den sjette boka i serien og tek lesarane med til den største breen på det europeiske fastlandet. Forfattaren, Karen Weichert, har i mange år vore fagleg ansvarleg for utstillinga på Bremuseet i Fjærland.

Med «Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp» held Skald fram med satsinga si på omsett kvalitetslitteratur for barn. Boka har mellom anna vore på New York Times si bestseljarliste, og forfattaren, George Saunders, er i ferd med å byggje seg opp ein fanskare her i Noreg. Dette er den første barneboka hans på norsk.

Bøkene «Mamma er best» og «Pappa er best» av islandske Bjørk Bjarkadottir er skrivne for dei minste. Situasjonane er lett gjenkjennelege for både foreldra og ungane, og illustrasjonane er fargesterke og detaljrike.