I desse dagar vart fotoboka SOGNDAL – Portrett av ein tettstad lansert. Fotograf Leiv Bergum kom til Sogndal i 1951 og opna fotoforretning. Sidan har han teke bilete av bygda, folket og det som skjer. I boka har han samla 260 av dei beste fotografia til eit praktfullt sogndalsalbum akkompagnert av tekstar av Henning Rivedal.
– Eit praktverk og ei skattkiste som på ein heilt unik måte viser korleis regionsenteret og folka der har endra seg, skriv Jan Inge Fardal i Sogn Avis (14. november 2007)
Då Leiv Bergum etablerte seg som fotograf i bygda, var den nye tida i ferd med å gripe tak i Sogndalsfjøra og områda rundt. Bergum var ein del av denne utviklinga og hadde alltid med seg fotografiapparatet når det skjedde nye ting. "SOGNDAL" er ei ekte mimrebok frå tettstaden, men også eit nostalgisk tilbakeblikk på hår- og klesmotar, bilar og bygningar frå 1950 til 1990.