De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Skald forlag har no lansert praktboka Levd liv av Anna Jorunn Avdem og Aage Engesæter. Det er første gong at sogningane si historie vert samla i ei bok, levande fortald og akkompagnert av stemningsfulle foto av Lars Asle Vold.
– Norgeshistorie med sognasleng […] framifrå gjort! […] Den fenger!
(Hans Jakob Reite, NRK SFJ)
Høyr bokmeldinga her: blogg.nrk.no
Dette er ei litt annleis historiebok, der bidragsytarane har klart å formidle kunnskapen på ein lettlest og spennande måte. Slik blir vi dregne inn i soga, og vi kan nesten lukte røyken i dei gamle stovene.
Boka tek lesaren med tilbake i tid og fortel korleis sogningane levde, frå dei eldste tider og fram til i dag. Livet til sogningane gjenspeglar på mange måtar livet til nordmennene generelt. Slik er denne boka også eit stykke noregs-historie, sett med sogningane sine auge.