Snart er det vår og tid for bokmesser. I år skal SKALDane reise til Bologna. På verdas største barnebok- og illustrasjonsmesse vil vi hente inspirasjon og bli kjende med andre forlag som også gir ut bøker for barn og ungdom.
I fjor ga vi ut vår første barnebok, «Alberta og kjærleiken», som blei kjøpt frå det tyske forlaget Patmos. Alberta kom i tre utgåver: nynorsk, bokmål og mini, og har så langt vore ein stor suksess. For 2006 står det totalt fire barnebøker på planen – to av dei i originalutgåve.
For møteavtalar (27./28. mars) ta kontakt med:
Simone Stibbe
simone@skald.no