skald.no > Nytt > Skald 15 år – forlaget får seg ny logo

Skald 15 år – forlaget får seg ny logo

Jubileumsmarkering med haustlisteslepp og lansering av ny logo

Skald 15 år – forlaget får seg ny logo

Jubileet vart markert med ei litteraturhelg på Gamlehotellet fredag 25. og laurdag 26. august. I løpet av helga slapp forlaget både haustlista og Odd Njøs si nye lydbok «De´kje nøye om du lyge litt … berre praten gaor».
Konfirmanten viser seg frå no av i ny drakt. Den nye logoen vart lansert med startskuddet for jubileumsfeiringa.

Skald kom til verda i 1991 i ein kjellar på Seberg, med Lars Nes og Jon Skjerdal som fødselshjelparar. Desse to har seinare fylgt Skald gjennom heile oppveksten, Lars som dagleg leiar og Jon som styreleiar.