Skald kom til verda i 1991 i ein kjellar på Seberg, med Lars Nes og Jon Skjerdal som fødselshjelparar. Desse to har seinare fylgt Skald gjennom heile oppveksten, Lars som dagleg leiar og Jon som styreleiar.
Jubileet vert markert med ei litteraturhelg på Gamlehotellet fredag 25. og laurdag 26. august.
Last ned jubileumsprogrammet
JUBILEUMSPROGRAM
Fredag 25. august
kl. 15.15 Femten til femten. 15 x 15 bøker vert selde for kr 15,- pr stk.
kl.18.00 Bok 66. Lansering av lydboka «De`kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor» med Odd Njøs.
Kjellaren på Gamlehotellet.Gratis.
kl. 20.00 Håkon Høgemo. Konsert med meisterspelemannen Håkon Høgemo. Kjellaren på Gamlehotellet. Bill. kr 100,-.
Laurdag 26. august
kl. 12.00 Gåsa, katten og hanen. Barnearrangement. Illustratør Ingunn E. Wiken, akkompagnert av Lars Nes, presenterer teksten og teikningane til Jakob Sande sin kjende fabel. Kjellaren på Gamlehotellet. Gratis.
kl. 16.00 Bokhandlartreff. Miniseminar og presentasjon av haustlista. Kjellaren på Gamlehotellet. Påmelding innan 23. august.
kl. 18.00 Snorklipping for haustlista 2006. Utvalgde bøker vert presenterte av forfattararne. Boklotteri. Gratis.
kl. 20.00 Hagefest. Jubileumsfeiring for inviterte.