Rykande fersk på Valentinsdagen er biletboka «Heldige Jemini». Med den nye boka fortset forlaget med satsinga på biletbøker for små og store. Boka set fokus på det å sjå lyst på livet.
Herr Jemini er heldig – uansett kva som skjer. Ved første augekast kan det sjå ut som om Jemini er ein ulykkesfugl. Han dett ned trappa, mister kofferten sin og snublar i tauet. Men likevel er han heldig.
Herr Jemini inspirerer barn til å sjå det positive i ein kvar situasjon. Dei små hell-i-uhell-historiene vert levande gjennom Selda Marlin Soganci sine fantasifulle og fargerike illustrasjonar. Annakvart oppslag i boka fortel om kor uheldig Jemini har vore, men når ein blar om, så viser det seg at noko godt kjem utav det uansett kva som skjer. Boka inspirerer til takksemd overfor dei enkle tinga og er på mange måtar ein hyllest til kor godt me har det. Boka kan såleis med fordel lesast av vaksne òg!