Skald gir ut Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen , ei omfattande bok som skal vera til hjelp for alle som har frukthage, om det berre er snakk om nokre få tre eller ein stor fruktgard. Dagens fokus på økologisk jordbruk er sterkt, men mange lurer nok på korleis ein skal få det til i praksis. Denne boka er så å seia fri for tilråding om sprøyting og kjemiske tiltak, men vil hjelpa hageeigaren med å identifisera sjukdomar og skadedyr, samt gje råd om korleis ein kan unngå desse i samarbeid med naturen sjølv.
Les meir og last ned smakebitar her! Nyttedyr, skadedyr og sjukdom i frukt- og bærhagen