skald.no > Nytt > Rallar-rebus og syklande bokslepp

Rallar-rebus og syklande bokslepp

Boklansering på Berekvam forset på sykkel nedover Flåmsdalen

Rallar-rebus og syklande bokslepp

Kvifor ikkje starta sommarferien med ein Rallar-rebus langs Noregs mest kjende sykkelveg?
Torsdag 6. juli lanserer SKALD forlag den nye boka «Rallarvegen – geologi og landformer» som vert utgitt i samarbeid med NGU (Norges geologiske undersøkelse).

Bli med på rebusløpet for små og store hobbygeologar. I lag med forfattarne Inge Aarseth, Theis Braanaas og Helge Henriksen syklar vi frå post til post, der dei fortel om naturfenomen langs med vegen.

Start: Berekvam stasjon
Dato: tors 6. juli
Tid: kl. 11.30

Tilkomst: bilveg til Berekvam. Mogleg å ta tog frå Flåm stasjon kl 11.00.
Hugs: Toget er ofte fullt i turistsesongen. Sjekk på førehand om det er ledige plassar.

Lanseringa byrjar ved Berekvam og fortset på sykkel nedover dei 11 kilometrane til Flåm stasjon.

Rallarvegen er den totalt 122 km lange anleggsvegen langs Bergensbana frå Haugastøl til Voss og mellom Myrdal og Flåm. Det er mange som vel å sykla eller gå langs Rallarvegen, og nokre lurer kanskje på korleis det storslagne landskapet har fått si form?