SKALD hadde presselansering i studioet til Kjell Herheim onsdag 22. oktober og boka «Voss» er allereie å finna i bokhandelen! SKALD hadde stor suksess sist år med fotoboka om Sogndal. Boka vann sølv for Årets vakreste bok. Med ein så god formel og eit særdeles rikhaldig arkiv hjå Herheim Foto var det lett å gå i gang med ei tilsvarande bok om Voss.
Kjell Herheim tok over etter faren i 1972 og er eit kjent namn på Voss. Som yrkesfotograf har han og faren samla bilete frå 50-talet og fram til i dag. Boka vil vera ei kjærkomen julegåve der vossingane finn att gløymde minne og gjensyn med uforgløymelege episodar.
Les meir om boka «Voss» her!