Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Eller at alligatorsko er laga av alligatorskinn, men kva så med hestesko? «Ordleiksboka» er tittelen på haustens barnebok frå Skald forlag. Det er første gong at ei slik omfattande bok om språk, ord og uttrykk for barn vert utgitt i Noreg. Bak boka står forfattar og språkforskar Olaf Husby og illustratør Stina Langlo Ørdal samt direktør i Språkrådet Sylfest Lomheim og lingvist og dialektforskar Øystein Vangsnes.
Boka er ei samling på 218 fargerike sider smekkfulle av humoristiske leikar med ord, uttrykk, ordtak, dialektord og mykje meir. Elevane på skulen i Aurland vil truleg vera dei første som får leike med boka når Olaf Husby reiser på skulebesøk og er med under barnelaurdagen til litteraturfestivalen «Nynorske litteraturdagar»!
Les meir om boka og last ned smakebit frå «Ordleiksboka» her!