Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

«Ordknappen» til Gro N. Røsth

Onsdag 5. juni 2019 mottok Gro Nilsdatter Røsth «Ordknappen» delt ut av organisasjonen Leser søker bok for romanen «Spelemannen frå Korsneset». Den historiske romanen er laust basert på livet til Karl Gustav Karlsen Korsnes og lagt til ein fjellgard i Tafjordfjella. Nilsdatter Røsth fekk prisen for å ha skrive Norges første lettlesroman for eldre. 

Juryen seier blant anna dette om boka: «Spelemannen frå Korsneset» handlar om å reise ut og komme heim, og om å finne rom for musikken i kvardagens slit og plikter. […] Romanen er skriven i eit poetisk og klart språk, og teksten flyt lett av garde. Setningane er korte og skrifta større enn vanleg. Men romanen er så rik og så medrivande at den går heim hos dei fleste lesarar.

Gro Nilsdatter Røsth (f.1945) er frå Ålesund og i dag busett i Kråkstad i Ski kommune. Ho er forfattar og skribent med bakgrunn som journalist. Røsth debuterte i 1975 som barnebokforfattar og har sidan gitt ut ei rekkje bøker både for born og vaksne, i tillegg til manus for teater og film. Bøkene hennar er omsett til fleire språk. Røsth har lang erfaring med å skrive lettlesen litteratur for unge. «Spelemannen frå Korsneset» er hennar første lettlestroman tilpassa ei eldre lesargruppe.

Ordknappener ein heidersutmerking som årleg vert delt ut av organisasjonen Leser søker bok. Mottakarane av prisen har vist eit lysande døme på korleis bøker kan utviklast til i større grad å nå alle, også dei som slit med å lese vanlege bøker.