Skald lanserte songboka Syng meg heim under årets Forfattersleppet i Bergen. Forfattar Olav Kristisæter meddelte publikum før han skulle lesa om at det var ei ære å få varma opp for sjølvaste Olav Stedje. Redaktør for boka, Brit Aksnes, heldt eit biografisk miniføredrag før gullstrupa frå Sogndal heldt ein minikonsert. For dei som er interesserte i slikt så var spelelista som følgjer: E 18, Eit glas til, Ein nordmann sin draum, Vi vandrar saman, Eg må heim, På flukt og Ta meg med. Nydeleg! Etterpå nytta mange av dei oppmøtte i Rickskjelleren høvet til å få ei bok signert. Ein strålande kveld!