Fredag 18. november lanserer SKALD ny bok av humoristen Odd Njøs. Han har på nytt vore rundt i sognebygdene på jakt etter den gode historia og replikken. Boka har tittelen «Godt paosmurt» og er ein oppfølgjar av salssuksessane «De'kje nøye om du lyge litt…» og «… berre praten gaor.» Også denne gongen har Janne Nes gitt boka eit visuelt ansikt, og dei friske illutrasjonane hennar følgjer forteljingane gjennom heile boka.
Odd påstår sjølv at han skriv bøker for dei som ikkje les bøker …
HUMORKÅSERI PÅ GAMLEHOTELLET
Vi inviterer til humorkveld med Odd Njøs
onsdag 23. november kl 19.00 i kjellaren på Gamlehotellet.
Hjarteleg velkommen!