skald.no > Nytt > Nynorsk barnelitteraturpris til «Godnattboka»

Nynorsk barnelitteraturpris til «Godnattboka»

Nynorsk barnelitteraturpris til «Godnattboka»

Årets vinnar av Nynorsk barnelitteraturpris er «Godnattboka – nynorske forteljingar». Prisen vart utdelt under landsmøtet til Noregs Mållag i Stavanger.

Samstundes har Frode Grytten fått tildelt Nynorsk Litteraturpris for boka "Rom ved havet, rom i byen". Grytten er ein av 22 forfattarar som har bidrege med ei forteljing til «Godnattboka».

Juryen si grunngjeving er:

"Skald forlag har med denne utgjevinga laga ei flott bruksbok til glede og nytte for både vaksne og barn i fleire aldrar. Boka inneheld 22 nyskrivne forteljingar, og forlaget har fått både etablerte forfattarar og debutantar til å skrive. Resultatet er eit overflødigheitshorn av variantar over godnatt-historia, med både pedagogiske, poetiske, kreative og beintfram nifse løysingar på oppgåva. Og blandinga av proffe skrivekunstnarar og friske debutantar fungerer ypparleg som ein mangslungen forteljestafett.
Forlaget skal rosast for initiativet til, arbeidet med og gjennomføringa av denne utgjevinga. Ei anna som fortener særskilt ros, er Gunvor Rasmussen, som har laga illustrasjonane. Det er ei stor utfordring å illustrere eit så omfattande og variert innhald som dette, men Rasmussen har løyst det på beste vis. Den særeigne, uttrykksfulle og ofte pussige streken hennar treff heile vegen tona i forteljingane, og bind boka fint saman.
Godnattboka kan godt ende opp som eit moderne standardverk – på nattbordet. Slik har det i alle fall vorte heime hos medlemmene av prisnemnda i år."

Boka fekk svært gode kritikkar og har vore ein stor suksess etter ho kom ut i fjor haust.

Det er blant anna forlag frå Argentina og Finland som vurderer utgjeving av «Godnattboka», og «Ulveungen Sim» av Stella East som alt er utgitt på dansk, kjem på tysk på det renommerte Carl Hanser Verlag våren 2009. Stella East si bok er også prisløna som ei av årets vakreste biletbøker i 2007.