Bok nr. 2 av Kristian Finborud vart sleppt i bygda der sjølvaste forfattaren og kunstnaren bur, Voss. Norske sommerminner er å rekna for oppfølgjar til Det norske skieventyret som kom i 2008. Kring 40 stk. hadde møtt opp for gildet.
Dei musikalske innslaga stod Annlaug Børsheim (assistenten til Kristian) og Rannveig Djønne for, samt Microbandet, som inviterte seg sjølve sidan den eine halvdelen er redaktør på boka og såleis meinte at ho kunne overstyra forfattaren uansett kva han måtte sei. Strålande ver og strålande folk og ikkje minst ei strålande bok!