skald.no > Nytt > Alberta og kjærleiken - Alberta og kjærligheten

Alberta og kjærleiken - Alberta og kjærligheten

SKALD kjem med si første barnbok på både nynorsk og bokmål

Alberta og kjærleiken - Alberta og kjærligheten

Etter ein lang vinter vaknar Alberta og høyrer mamma Markmus fortelja om kjærleiken som er så merkeleg at den kan få hjartet til å stupa kråke. Glad forlet ho mor si for å leita etter den. På vegen møter ho museguten Fred som òg er på leit etter kjærleiken. Men det er ikkje lett å leita etter noko du ikkje veit kva er.
Andrea Hebrock og Isabel Abedi (ill) tek opp temaet kjærleiken - eit abstrakt emne som ikkje er så lett å fatta for barn. I lag med Alberta og Fred lærer dei at kjærleik er ei kjensle som dei ikkje treng å leita etter. Det er kjærleiken som finn dei. Alberta kom ut i Tyskland i 2004 og er alt no trykt i sju opplag.
Innb, 24 x 22,5 cm, 28 sider.

«Alberta og kjærleiken er ei søt bok som kan hjelpa oss å setja ordpå noko så udefinert som kjærleiken.» Pirion (barnehageavis)

«Av og til kommer det ut bøker som bare roper ut 'Les meg, les meg'. Alberta og kjærleiken er en slik bok. Med en vakker historie og nydelige illustrasjoner melder denne boka seg på i konkurransen om årets barnebok.» skreiv Aksel Stenberg (poeten.no)

ISBN 8279590625 (nn)
ISBN 8279590633 (nb)
Kr 188,-

Med boka vert det levert gratis bokmerke og postkort. I oktober kjem det også ei miniutgåve av boka som vert marknadsførd mot ungdom og vaksne.

Alberta er den første i ein serie med barnebøker frå SKALD som vert utgitt både på nynorsk og bokmål.