Krimdebuten til Kai Martin Brekke, «Nattergal», er innkjøpt av Norsk Kulturråd. Boka kom først ut i mars, og vart lansert som påskekrim. Andreopplaget kom i pocketformat allereie til sommaren.
Kvart år vurderer ein fagjury fleire hundre bøker og av desse kjøper Norsk kulturråd inn 200 titlar i 1000 eksemplar. Bøkene går til biblioteka rundt omkring i Norge og skal heve og sikre kvaliteten på boktilbodet deira.
– Dette var moro, synst Kai Martin Brekke. I boka har han lagt handlinga til barndomsbygda Flåm. Ein kvinneleg amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie.