skald.no > Nytt > Med Jakob Sande til kongens by

Med Jakob Sande til kongens by

«Gåsa, katten og hanen» på Boknatta i Fjærland

Med Jakob Sande til kongens by

Har du høyrt om gåsa, katten og hanen som var leie av å vere heime? Dei reiste ut i den store verda og tilslutt hamna dei hjå kongen i København. Vil du vite korleis det gjekk?
Bli med og syng songen i lag med illustratøren Ingunn Wiken på Boknatta i Fjærland. Dessutan kan alle barna teikne gåsa, katten og hanen sjølv. Det vert utstilling og teikneverkstad på Kaffistova i heile festivalveka.

Tid: Laurdag, 24. juni, kl 15.00
Stad: Kaffistova, Fjærland

Les meir om festivalveka i Fjærland: www.bokbyen.no