Ledig vikariat (100 %) som forlagsredaktør/administrasjons-medarbeidar!
Simone Stibbe skal ha eit års permisjon frå 1. februar og me ser etter vikar. Kjenner du nokon eller kunne du sjølv tenkt deg eit spennande år i
Leikanger? Les annonsen her og send vidare til alle interesserte.
Ledig vikariat (100 %) som
forlagsredaktør/administrasjonsmedarbeidar
Den tilsette vil saman med forlagssjef få som ansvar å utvikla og gjennomføra bokprosjekt samt administrera den daglege drifta av forlaget.
Ein stor del av arbeidet vil bestå i gjennomgåing og tilrettelegging av tekstar. Til dette søker vi ein språksikker person med interesse for bøker og kulturformidling.
Me søkjer nokon med:
- svært god språkkunnskap og skriftleg formuleringsevne (nynorsk)
- relevant høgre utdanning
- relevant arbeidserfaring
- systematisk og sjølvstendig arbeidsform
- gode samarbeidsevner
Vi tilbyr ein spennande jobb i eit hyggeleg arbeidsmiljø. Løn og arbeidsvilkår etter avtale.
Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med Lars Nes, tlf. 917 39 917. Søknad kan sendast lars@skald.no innan 10.12.2009.