skald.no > Nytt > Ledig stilling i Bergen

Ledig stilling i Bergen

Sals- og marknadsmedarbeidar 60 %

Ledig stilling i Bergen

Sjå! Ein ledig stol! Me treng ein ny person på Bergenskontoret. Kjenner du nokon eller ser du sjølv etter jobb i forlagsbransjen? Les annonsen her og send vidare til andre interesserte!

Søknadsfrist: 1. juni

Sals- og marknadsmedarbeidar 60 % stilling


Vi ynskjer søkarar med:
- interesse for bøker og kulturformidling
- relevant høgare utdanning
- godt språkøyra og god formuleringsevne
- relevant abeidserfaring
- systematisk og effektiv arbeidsform
- gode samarbeidsevner
- førarkort
- god språkkunnskap

Arbeidsoppgåver:

- kontakt med presse og media
- planlegging og gjennomføring av boklanseringar og andre arrangement
- marknadsvurdering
- kontakt med bokhandlarar og andre kundar

Vi er eit lite forlag der ”alle må gjera alt”, noko som krev både effektivitet og samarbeidsevne. Den tilsette kan få ansvar for å administrera gjennomføringa av bokprosjekt og for gjennomgåing og tilrettelegging av tekstar. Den tilsette må elles ta del i den daglege drifta av forlaget. Me nyttar nynorsk som arbeidsspråk. Løn etter avtale.

Ynskjer du fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med Lars Nes, tlf. 917 39 917 eller Brit Aksnes, tlf. 926 66 918. Søknad kan sendast lars@skald.no eller brit@skald.no innan 01.06.2010.