Dagen før dagen, onsdag 6. juli, vart boka Førdefestivalen uhøgtidleg erklært opna av festivaldirektør Hilde Bjørkum (midten)før forfattarane (Hattestein til venstre, Bendz til høgre)fortalde litt om erfaringane sine kring boka og festivalen. Musikarar frå årets Talent-prosjekt framførde norske, serbiske og tyrkiske tonar til dei frammøtte på Handelshuset Libris - ein bra forsmak på festivalen!
Førdefestivalen er den største internasjonale folkemusikkfestivalen i Skandinavia og ein av knutepunktfestivalane i Norge. Festivalen har kjempa seg gjennom medgang og motgang, barnesjukdommar og skot for baugen til den no står fram som ein godt moden 20-åring. No får denne fargeklatten av ein festival si eiga bok!
"Snill bok om Førdefestivalen"
På scenekanten - NRK sjå bloggen her.