Kva er eigentleg ei stavkyrkje? Korleis er ho bygd? Er stavkyrkjene like? Korleis kunne dei halde seg så lenge?
«Den vesle stavkyrkjeboka» av Grete Letting, Reidar Solberg og Björk Bjarkadottír (ill) er ei ny, morosam og lettlesen fakatbok for barn frå 8 år. Boka gir ei generell innføring i kva ei stavkyrkje er, korleis ho er bygd og korleis stavkyrkjene er forankra i kulturen vår.
Stavkyrkjene representerer ein spesielt verdifull del av den norske bygningsarven. Den tusen år gamle byggetradisjonen i tre er også døme på det gjevaste handverket vi har i landet, og det er difor viktig at barn forstår kva ei stavkyrkje er, og kvifor vi har desse unike kyrkjene her i Noreg.