28. oktober opna biletkunstnar Jørgen Holen separatutstilling med 57 oljebilete på Galleri Steen i Oslo. I samband med dette lanserte SKALD biografien om sogndølen som no bur på Bekkestua.
På opningsdagen var rundt 400 personar innom utstillinga og omlag ein fjerdedel av bileta vart selde på staden. Salstutstillinga skal stå til 19. november.
Etter lengre tids sjukdom, fekk Jørgen Holen først ry som ein av landets fremste knivmakarar, før han debuterte som biletkunstnar i 1991. Han kallar seg «maleriets ryddegut». I boka fortel han om korleis sjukdommen opna auga hans og gav han innsikt og styrke til å etablere seg som kunstnar.
ISBN 82-7959-081-1
Kr 348,-