I år får Nærøyfjorden spesielt mykje merksemd. Det dramatiske fjordlandskapet rundt denne flotte fjorden vart i 2005 innskrive på UNESCO si Verdsarvliste over dei mest spesielle og verneverdige naturområda i verda. Over 300 000 turistar besøker kvart år denne tronge fjordarmen. I god tid før turistsesongen kjem i gang for fullt, lanserer SKALD to nye bøker om denne prestisjetunge fjorden.
Først ute er turistboka «Nærøyfjorden» av Johs. B. Thue som er ei kompakt, lita bok om den storslegne fjorden. No er det også mulig å ta Nærøyfjorden med seg heim – på norsk og engelsk, mellom to permar.
På garden Styvi lanserte SKALD «Styvi i Nærøyfjorden» av Botolv Hov. Same dag gjekk den tradisjonelle kongemarsjen langs Nærøyfjorden. Turen byrja ved Bleiklindi og følgde den kongelege postvegen fram til Styvi.