skald.no > Nytt > Kjartan Slettemark (1932–2008)

Kjartan Slettemark (1932–2008)

Lucia-toget på sjukehuset var det siste Kjartan Slettemark fekk oppleva. På biletet ser vi Slettemark som Lucia på KKV, Stockholm, i 2006. Foto: Brita Olsson.

Kjartan Slettemark (1932–2008)

Kjartan Slettemark døydde 13.12.2008. Med dette har ein av dei mest sentrale nordiske kunstnarane gjennom dei siste 50 åra gått bort.
Skald og den svenske fotografen Brita Olsson har det siste året samarbeidd med Slettemark om å laga ei bok om han. Olsson har vore omgangsven med Slettemark i over 40 år og har ein omfattande fotodokumentasjon frå kunstprosjekta hans.

Dei siste månadane var Slettemark sjuk, og han rekna sjølv ikkje med å få sjå den ferdige boka.
Slettemark var frå Naustdal men budde mesteparten av livet i Stockholm. Han vart kjend som ein kontroversiell kunstnar i 1960- og 70-åra. Morgenbladet kåra i 2005 maleriet «Av rapport fra Vietnam» til eitt av etterkrigstidas 12 viktigaste kunstverk. Slettemark fekk m.a. Norsk kulturråds ærespris i 2001.