skald.no > Nytt > Kjapp i kjeften

Kjapp i kjeften

Hurra for Njøsen!

Kjapp i kjeften

Njøs,fyller 80 år og Skald feirar med å gi ut dei beste av desse saman med ei mengd nye historier i ei flott jubileumsbok. De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor! har vore Odd Njøs sitt motto i samband med dei tre populære samlingane med humoristiske stubbar frå Sogn han tidlegare har gitt ut.

Odd Njøs er fødd i Leikanger i 1931, og er ei kjend stemme for mange i fylket som kåsør i NRK Sogn og Fjordane og i lyd og lag. Etter at han vart pensjonist i 1996, har han vore med på eit omfattande arbeid med å samla stubbar, anekdotar og replikkar frå Sognebygdene.
Odd har tidlegare gitt ut bøkene …. berre praten gaor (1996), De’kje nøye om du lyge litt (1997), Sommarliv på Berget (2000), Godt paosmurt (2005) og lydboka De’kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (2006). For allsidig kulturarbeid
og flittig kjeftbruk fekk han kulturprisen i Leikanger i 1990, og Kongens fortenestemedalje i 2000. I Kjapp i kjeften har vi teke med det beste av dei nærare 600 stubbane Odd Njøs tidlegare har fått på trykk, og i tillegg ein del anekdotar og replikkar som ikkje har vore presenterte i bokform før.

Bla i boka her:
- Smakebit: Kjapp i kjeften