skald.no > Nytt > Jostedalsbreen på tre språk

Jostedalsbreen på tre språk

Ny bok i turistserien

Jostedalsbreen på tre språk

Under opningshelga til Den norske bokbyen i Fjærland vert boka «Jostedalsbreen» av Karen Weichert lansert. Boka kjem ut i norsk, engelsk og tysk utgåve.

Jostedalsbreen vert kvart år besøkt av fleire hundre tusen turistar frå både inn- og utland, og dei fleste bygdene rundt den store platåbreen har vore attraktive reisemål i over hundre år.

Last ned ein smakebit av boka her:
- Smakebit: Jostedalsbreen

Jostedalsbreen er stadig i endring, og det gjer han spennande og annleis ved kvart einaste besøk. I boka fortel Weichert om korleis breen vart til og korleis han var med på å skape det unike vestlandske fjordlandskapet. Samtidig viser ho glimt frå livet rundt breen før og no.

Boka er den sjette boka i SKALD sin djuptgåande turistbokserie som kjem ut i fleire språkutgåver.