Det er i år hundre år sidan Jakob Sande vart fødd, og forfattaren er i vinden som aldri før. Startskotet for jubileumsåret gjekk då Skald lanserte barneboka «Gåsa, katten og hanen» i Dale, heimbygda til Jakob Sande.
Etter lanseringa har illustratøren Ingunn E. Wiken hatt mange arrangement der barn syng songen i lag med ho, akkompagnert av forleggar Lars Nes på gitar.
Ho fortel samstundes om korleis illustrasjonane har vorte til, og ho prøver å stimulera dei til å teikna sjølve. Under Dei nynorske Festspela i Ørsta/Volda forrige veke var framsyninga eit av hovudarrangementa for barn. To framføringar med til saman rundt 280 tilskodarar gjekk av stabelen på Ivar Aasen-tunet. I tillegg var om lag 40 til stades på ei forestilling på den nye sjukeheimen i Volda. Barna var veldig flinke, dei hadde øvt i barnehagen og kunne songen alle saman.
Dagen etter drog dei tre dyra saman med Ingunn Wiken og Lars Nes vidare ut i den store verda – til Fjærland. Under bokbyfestivalen var det utstilling av illustrasjonane og teikneverkstad for barn. På boknatta vart det fullt på Kaffistova i Mundal. Både små og store ville høyre korleis det gjekk med med dei tre som skulle ut i den store verda.