skald.no > Nytt > Høgtlesing og mykje moro med barnetv-legenda Henning Rivedal

Høgtlesing og mykje moro med barnetv-legenda Henning Rivedal

Høgtlesing og mykje moro med barnetv-legenda Henning Rivedal

Laurdag 22.oktober markerte SKALD si nye barneboksatsing på Gamlehotellet. Over 60 barn kom for å hjelpe Henning og Alberta med å leite etter kjærleiken. Vegen til arrangementet var strødd med bokframsider.

I kjellaren var det lysbiletevising, høgtlesing og song med Henning og Lars. Det var ikkje plass til alle barna nede i kjellaren, derfor blei det to økter med høgtlesing. Mens barna venta, kunne dei måle, klippe, lime og leike oppe i første etasje. Høgdepunktet under arrangementet var bokstormen, der bilete frå boka virvla ned på barna.

5. november les Henning ein gong til frå boka "Alberta og kjærleiken" på Norli Galleriet i Bergen.