Skald si haustliste er klar. Lanseringa gjekk for seg på nyopna Cafè Herman måndag 22. september med presse og god mat. Forlaget vektlegg i haust ein sterk visuell profil med praktbøker om Vestlandet, barnebok om språk og skråblikk på den norske skikulturen, noko som borgar for ein fin haust både for forlaget og lesarane!
Fyrste bok som kjem av haustbøkene er Hans H. Thyri si bok om Aurlandsdalen med lansering 2. oktober på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Kunstnar Kristian Finborud kjem med si debutboka si i år, «Det norske skieventyret». Humor og nordmenn sitt forhold til ski i skjønn (?) foreining! Skald har fokus på lokale bøker i år, noko som viser att i praktbøkene våre. «52 opplevingar i Sogn» av Frode Aga viser fram kjende og ikkje så kjende perler langs Sognefjorden. «Rein luksus - frå Stad til Storen» av Arve Sandal tek for seg heile fylket og er ein hyllest til vakre og stolte Sogn og Fjordane. «Voss» er ei bok i same serie som «Sogndal - portrett av ein tettstad» som kom i fjor og som vann sølv for årets vakraste bok – flotte, festlege foto som viser bygda gjennom fleire tiår. Òg i år kjem boka om høgskulen i Sogn og Fjordane , ei grundig historie nedskriven av Gunnar Yttri. Til slutt men ikkje minst kjem «Ordleiksboka» av språkekspertane Olaf Husby, Øystein Vangsnes og Sylfest Lomheim. Boka er ei sprudlande og inspirerande bok om språket vårt for born i alle aldrar og med fantasifulle, morosame illustrasjonar av Stina Langlo Ørdal.
Last ned oversikt over haustens bøker:
- SKALD_oversikt_2008-epost.pdf