skald.no > Nytt > Haustlista på plass

Haustlista på plass

Rydd plass i hyllene!

Haustlista på plass

Praktbøker om Vestlandet, sognehumor, barnebok om trøyst, spennande krim og ein roman om livet. Haustlista frå Skald forlag byr på stor variasjon. Ta ein kikk på kva som kjem i bokhandelen dei neste vekene!

Ei av bøkene det stiller seg særleg store forventningar til, er romanen til Ole Johannes Øvretveit, Doktoren og Vesledoktoren, som gjennom alvor og humor fortel om livets lyse og mørke sider, som har rot i røynda. Øvretveit har det siste året stilt seg for hogg som superslankar og maratonmann.

Foto- og reportasjeboka Balestrand av fotograf Knut Bry og Idun A. Husabø viser oss både nye og velkjende sider av kunstnarbygda, sett med Bry sitt kresne blikk.

Trøysteboka er ei samling forteljingar om trøyst, skrivne av ei rekkje nynorske skribentar og rikhaldig illustrert av Gunvor Rasmussen. Tidlegare utgjevingar i same serien er populære Godnattboka og Eventyrboka.

Også Erna Osland kjem ut med barnebok på Skald i år. Kyss ein bokstav inneheld finurlege historier om leseglede og lesefortviling.

Odd Njøs er endeleg ute med ny humorbok, Kjapp i kjeften , der både nye og gamle stubbar er representerte.

Friluftsliv står i fokus i to av bøkene. Arve Sandal si Grunnfjell tek oss med på ein fottur gjennom unike naturområde i Sogn og Fjordane. Boka er ein oppfølgjar til Rein Luksus som kom i 2008. Medan i Toppturar i Vossafjell konsentrerer fjellvande Øyvind Birkeland seg om ski i vossatraktene.

Voss er godt representert i haustlista. Nils Ringdal, framleis patriotisk vossing etter lang tid i Oslo og NRK, fortel om oppveksten sin i bygda i Vossaminne.

Kai Martin Brekke er ute med ny kriminalroman i haust, i Kald finale møter me atter ein gong politietterforskaren Mikkel Holo når han står overfor nye utfordringar både privat og på jobb i Sogn og Fjordane.

Meir info om kvar bok kjem etterkvart - send gjerne ein epost til forlag@skald.no for å få tilsendt katalog!