skald.no > Nytt > HANS GJESME - LANDSKAP OG PORTRETT

HANS GJESME - LANDSKAP OG PORTRETT

HANS GJESME - LANDSKAP OG PORTRETT

Boka vart gitt ut i samband med at kunstnaren Hans Gjesme ville ha fylt 100 år 11. mai i år. Forfattarane Morten Johan Svendsen (red.), Hermann Starheimsæter, Ulla Uberg og Ingrid Norum har gått gjennom Gjesmesamlinga i Lærdal. Dei har skrive om kunstnaren og om utvalde landskapsmåleri og portrett. Boka er illustrert med om lag 70 måleri og ei rekkje fotografi. Lærdølene Bente Øien Hauge og Jens Hauge har og sett sitt preg på boka gjennom formgjeving, fotografering og mykje kunnskap om Hans Gjesme. Utgitt i samarbeid med S. og Fj. Kunstmuseum og Lærdal kommune. Bilettekstar og resymé av artiklane på engelsk.

ISBN 82-7959-042-0
Kr 348,-