Handlekorg
X
Totalt: NOK
Betal med kort

Ønskjer du å betale med giro, send bestillinga på e-post til forlag@skald.no. Hugs å skrive namn og adresse.

Unfortunately, we do not ship our books abroad. Please, contact export@norli.no.

Vi gratulerer Andreas Töpfer, Rune Døli, Stefan Ellmer og Øystein Vidnes med GULL i Årets vakreste bøker!

Gull til klassikarserien

Klassikarserien til har blitt lagt merke til og kan vi til og med feire seiren for beste bokserie i konkurransen Årets vakraste bøker i regi av Grafill. Bak den unike utforminga som er ein slags hybrid av pocket og hardcover innbunden i utsøkt tekstil, står designarane Andreas Töpfer, Øystein Vidnes og Stefan Ellmer. 

Denne vakre bokserien er preget av en slagkraftig estetikk som ikke går på tvers av det litterære uttrykket. Bøkene befinner seg et sted mellom hardcover og pocket innbundet som flexibind med klaff - en nyvinning. Her har man satset friskt med nye oversettelser til nynorsk av litt ukjente oversettere og utradisjonelle designvalg. De klassiske litterære verkene har fått et tydelig seriepreg med flertydige, slående, ikoniske illustrasjoner og spesialtegnet skrift, heiter det i grunngjevinga frå juryen. 

Skriftdesignar Stefan Ellmer har laga tre heilt nye skriftsnitt til serien: Skald antikva, Skald grotesk og Skald italic som også vart premierte under Grafills Visuelt-konkurranse i fjor.I tillegg til innbinding, skrift og framifrå omsette tekstar, er det illustrasjonane på framsidene som set preg på serien.

Gull til Edda

Men det er ikkje berre klassikarserien som stakk av med gull under konkurransen som premierer dei vakraste bøkene utgitt i 2017. Eddaav Jon Fosse vann både gull i kategorien skjønnlitteratur og sølv i kategorien bokomslag. Det er Rune Døli som står for utforminga av denne boka, medan skriftdesignar Stefan Ellmer har laga typografien på framsida. 

Elegant og bevisst bruk av store flater i en spennende og utradisjonell fargepalett. Håndskrevet typografi på omslaget bidrar til et helhetlig visuelt uttrykk. En vakker kontekst for diktlesning, og bruken av farget papir skaper fine brudd og taktskifter, heiter det i grunngjevinga frå juryen. 

Satsar på bokdesign

Forlaget Skald har i lang tid satsa på bokdesign og kvalitativ høgverdig material. I 2002 vann forlaget sin første gullpremie i denne konkurransen og har sidan blitt premiert 18 gongar for usedvanleg bokutforming.