Er du ein igraol? Har du ein god kodde i sofaen, for det er vel fønøne når du ligg og dusmar? Brukar du å få vårgjæle om våren når du sit i bakkelggja i ei orgjæle? I Grautmål er dialogen mellom heimelsfolka og Uglum gjengitt i talemålsnær form. Deretter gir språkvitar og systrending Øystein A. Vangsnes fyldige kommentarar til, og omkring, orda og talemålet basert på tilgjengelege kjelder og eigen kjennskap til dialektane i fylket.
I 2006–2008 sende NRK Sogn og Fjordane programserien «Grautmål: Hyllest til dialektord frå Sogn og Fjordane» der innringjarar i samtale med journalist Arve Uglum presenterte og forklarte ord og uttrykk dei kjende frå eige talemål. No får du det i bokform!