skald.no > Nytt > God vår for Skald

God vår for Skald

Aukar omsetjing med 11 % i fyrste halvåret 2006

God vår for Skald

Skald gleder seg over gode tal i fyrste halvår 2006. Omsetjinga har auka med 11 % samanlikna med same perioden i 2005. Dessutan aukar arbeidskapasiteten med ein ny medarbeidar med base i Bergen. Vi satsar såleis på å utvida både marknad, breidde og kapasitet.

Hittil i år vart det utgitt seks bøker. Barneboka «Gåsa, katten og hanen» av Jakob Sande var første ute i 2006. Den kom ut i samband med Sande-jubileet og er illustrert av Ingunn E. Wiken. Boka har selt godt og var også hovudbok i barnebokklubben «Blåmann».
Rett før påske lanserte vi vår fyrste krimroman – «Nattergal». Debutanten Kai Martin Brekke har lagt handlinga til Flåm og startar med eit mord på Flåmsbana.
I samband med at Nærøyfjorden vart innskriven på UNESCO si verdsarv-liste gav forlaget
ut «Styvi i Nærøyfjorden» av Botolv Hov og «Nærøyfjorden» av Johs. B. Thue. Den siste inngår i turistbokserien på fleire språk der det tidlegare har kome ei bok om Flåmsbana og ei om båtreisa frå Bergen til Sogn.
Elles har Skald i år gitt ut bøkene «Aurlandsvegen» av Hans H. Thyri og «Rallarvegen – geologi og landformer» av Inge Aarseth, Theis Braanaas og Helge Henriksen.
Haustlista vart presentert under jubileumsfeiringa i slutten av august.

www.bokogsamfunn.no