Bokhausten i SKALD set i år fokus på barne- og praktbøker.
* Björn Klauer: MYSTIC NORTH
* Eli Kari Gjengedal & Ingunn E. Wiken: KARL OSCAR I HARDT VÊR
* Div. & Gunvor Rasmussen: GODNATTBOKA – NYNORSKE FORTELJINGAR
* Leiv Bergum & Henning Rivedal: SOGNDAL
* Finn Egil Eide: HORISONTAR
* Kurt Hörtenhuber & Conny Wolf: OUPS – SOL I HJARTET
Vêrboka KARL OSCAR I HARDT VÊR av Eli Kari Gjengedal og Ingunn E. Wiken er ei av to barnebøkene som kjem i løpet av hausten. Boka er ei annleis vêrbok der barn får oppleve vêret gjennom ein humoristisk forteljing om katten Karl Oscar. Ein liten edderkopp med peikestokk lærer barn ulike vêrfenomen i små faktaboksar.
Den andre barneboka på haustlista er GODNATTBOKA – NYNORSKE FORTELJINGAR som er den første i sitt slag med berre nynorske historier. Boka samlar 22 nye godnattforteljingar skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar som Frode Grytten, Ragnar Hovland og Helga Gunerius Eriksen og debutantar innanfor barneboksjangeren som Katrine Sele, Heidi Marie Vestrheim og Henning Rivedal.Boka er illustrert av BT-illustratør Gunvor Rasmussen som debuterer med boka innanfor barneboksjangeren.
På haustlista finn vi dessutan ei fotobok av Leiv Bergum med tekst av Henning Rivedal. I praktboka " Sogndal" ser vi regionssenteret gjennom fotograf Leiv Bergum sine bilete. Han flytte til Sogndal og opna fotoforretning i 1950. Sidan har han teke bilete av bygda, folket og det som skjer og vi samlar dei beste fotografia hans i boka.
Perla til hausten er ei diktsamling av forfattar og kunstnar Finn Egil Eide. "Horisontar" er Finn Egil Eide si fjerde diktsamling sidan debuten med "Streif" i 1987. Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide si særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Boka er illustrert med avbildingar av kunstverk av kunstnaren sjølv.
Dei to siste bøkene på haustlista rettar seg til eit nasjonalt og internasjonalt publikum. MYSTIC NORTH av Björn Klauer er ei praktbok med unike bilete frå Nord-Noreg. Den tyske fotografen har i over 25 år reist med sledehundane sine gjennom Nord-Noreg. Med kameraet har han fanga inn dei mest stemningsfulle augeblikka spesielt på vinterstid. Boka vert lansert samstundes i Noreg og Tyskland, og i haust skal Klauer turnere med eit lysbileteshow i Tyskland.
Lettlest på slutten kjem OUPS – SOL I HJARTET som også vert utgitt i bokmålsutgåve. Boka er ein oppfølgjar til bestseljaren "Oups frå hjarteplaneten" som kom i 2004. Den nye boka handlar om korleis vi kan la sola finne vegen til hjarta våre. På kjærleg vis syner Oups korleis vi kan sjå lyst på livet. Det er andre gongen Skald forlag kjem med småbøker i parallellutgåver på nynorsk og bokmål.
Last ned haustlista:
- Hausten 2007»