skald.no > Nytt > Eventyrstund på Robotbutikken

Eventyrstund på Robotbutikken

Boklansering

Eventyrstund på Robotbutikken

Rundt 30 eventyrlystne menneske kom seg til Robotbutikken i Skostredet i går kveld. Eventyrboka inneheld eit knippe heilt nyskrivne eventyr, alle på nynorsk. Skald satsar dristig når dei prøver seg på denne sjangeren – det er fleire kriterium som skal oppfyllast for å kunna kalla ein tekst eit eventyr. 19 forfattarar har bidrege til boka, mellom anna Erna Osland (biletet) som var ein av opplesarane.

– Eventyret har til alle tider vore ein reiskap ikkje berre til å more, men også til å forstå den tida ein lever i. Og nye tider treng nye eventyr, seier Osland.

Elles bidrog medforfattar Jon Hjørnevik (lent mot pulten i biletet) med høgtlesing av eventyret "Kladden og trollet som ingen kunne målbinda", Gunvor Rasmussen med skissebøker og Skald med vin og snacks. Ein fin-fin kveld!