Erna Osland er i år aktuell med to Skald-bøker. Onsdag 26. oktober fekk elevar frå ein barneskule i Bergen høyra Erna fortelja og lesa frå boka Kyss ein bokstav . Til trass for litt usemje om korvidt kyssing var noko kult, så var ungane ivrige etter å høyra på og fortelja om sine eigne forhold til lesing og skriving. Forteljingane i "Kyss ein bokstav" - hits for kids!
Erna er også aktuell som bidragsytar til Trøysteboka .