skald.no > Nytt > EN SMAK AV RØISHEIM

EN SMAK AV RØISHEIM

EN SMAK AV RØISHEIM

Ei kokebok der vertinna/kjøkkensjefen Ingrid Hov Lunde presenterer 21 tre-rettars menyar, supplert av ektemannen Havvard Lundes vinforslg. Røisheim har sin eigen vin, med eigen etikett, importert frå Italia, og ein tur til Italia for å smake og handle inn vin er via eit eige kapittel. I tillegg inneheld boka eit kapittel om historia til Røisheim Hotell & Skysstasjon.
Hotellet ligg i Bøverdalen, i innfallsporten til Jotunheimen. På 1800-talet var garden ein skysstasjon langs Sognefjellsvegen, i dag er Røisheim eit hotell med tradisjonsrike bygningar og eit kjøkken av ypparste klasse. Å kome til Røisheim er ikkje som å kome til eit hotell, her blir ein ynskt velkomen til gards.

ISBN 82-7959-046-3
Kr 388,-