skald.no > Nytt > Eli Kari og Karl Oscar på Verdas Bokdag

Eli Kari og Karl Oscar på Verdas Bokdag

Eli Kari og Karl Oscar på Verdas Bokdag

Norli markerte som vanleg Verdas Bokdag 23. april, og fyrst på programmet stod underhaldning for ungane.

Forfattar Bjørn Sortland fortalte om korleis ei bok blir til, frå den kaffidrikkande forfattaren gjennom den strenge redaktøren og til dei svære maskinene på trykkeriet. Så snakka Eli Kari Gjengedal om boka si «Karl Oscar i hardt vêr» medan sola for ein gong skuld strålte i Bergen by. Dei mange frammøtte ungane spurte spørsmål i drøssevis, og det var god stemning og fint vêr – ein ypparleg bokdag!