Nokre hundre vossingar og tilreisande fekk med seg tre høgst naturlege sportarar som inntok scena søndag 24. juni i grøne blad og ikkje stort meir enn det, til stor jubel frå publikum!
NRK-journalist og bademeister Linda Eide stod for intervju av Mike Abbott, Ole Kristoffer Dahl Trellevik og Aud Walaker Hutchinson, som sat meir eller mindre komfortabelt i skakke, skitne badekar. Opprinneleg skulle Veko-far Even Rokne vore ein av badegjestene, og då han entra scena i sjukehusklede og korsett endra stemninga seg til nærast andektig og eit rørt publikum trampeklappa for fallskjermhopparen som slapp frå hoppulukka så vidt det var. Den høgtidelege opninga av boka var det ordførar Bjørn Christensen som føretok, i kvit skjorte og kjede, sjølvsagt.
Ei strålande opning på ei strålande bok og strålande veke!