skald.no > Nytt > De´kje nøye om du lyge litt … berre praten gaor

De´kje nøye om du lyge litt … berre praten gaor

Odd Njøs aktuell med lydbok

De´kje nøye om du lyge litt … berre praten gaor

– Når ein sogning grip ordet, vert framstillinga lett prega av at «De´kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor», seier forfattaren og opplesaren Odd Njøs. Dette er også tittelen på lydboka han no har lese inn.

ISBN 82-7959-080-3
Kr 248,-

For ti år sidan gav Odd Njøs ut den første boka med stubbar og replikkar frå Sogn. Til saman har det vorte tre slike bøker i samarbeid med illustratøren Janne Nes. No har han redigert og lese inn dette stoffet med publikum i salen. Dette har resultert i ein dobbel-cd som forlaget SKALD no gir ut.

Innb, 15 x 13,5 cm, nynorsk, 2 cd-ar, 120 min, inkl hefte om det slagferdige folkeferdet i Sogn.

Dei tre bøkene «...berre praten gaor» (1996), «De’kje nøye om du lyge litt» (1997) og «Godt paosmurt» (2005) inneheld nærare 600 stubbar, anekdotar og replikkar, og i tillegg ein god del samanbindande tekst. Den første boka har vore utseld frå forlaget ei tid og den andre er dei òg så godt som tomme for. I staden for å trykka opp nye bøker, valde dei no å presentera stoffet på cd.
Odd Njøs er fødd i Leikanger i 1931. I 1954 vart han gift med sunnhordlandsjenta Anna som sidan har styrt han med fast hand. Etter 44 år i skulestova vart han pensjonist i 1996, og han har sidan hatt det rykande travelt. I tillegg til bokprosjekta har han halde fleire hundre kåseri i lokalradioen og i lyd og lag, og han er ei kjend stemme for mange kringom i fylket. For allsidig kulturarbeid og flittig kjeftbruk fekk han kulturprisen i Leikanger i 1990 og Kongens fortenestemedalje i 2000.