Det måtte sjølvsagt bli eit syklande bokslepp då NGU og SKALD forlag lanserte boka «Rallarvegen - geologi og landformer» i Flåmsdalen. Kvart år syklar nesten 20 000 turistar på Rallarvegen, men få veit korleis naturen rundt Noregs mest populære sykkelveg vart til. Torsdag føremiddag tok både små og store hobbygeologar på seg sykkelhjelmen for å vere med på sin første rallarrebus. I lag med forfattarane og naturvitarane Inge Aarseth, Helge Henriksen og Theis Braanaas trilla dei nedover Flåmsdalen. Undervegs stoppa dei opp fleire gonger for å sjå nærare på dei forskjellige naturfenomena langs vegen.
Boka «Rallarvegen – geologi og landformer» er utgitt i samarbeid med NGU (Norges geologiske undersøkelser). Det er ei lettlest fagbok om korleis is, vatn og stein har skapt landskapet rundt den 122 km lange anleggsvegen.
Å sykle Rallarvegen er som å sitte i ei tidsmaskin. I den eine retninga kan du sjå landskapet som isen har skapt for over tusen millionar år sidan, og snur du deg ser du ein bratt vegskråning der vegen raste ut i fjor. Dei geologiske prosessane stoggar aldri.
Det er mykje ein kan observere frå sykkelsetet medan ein trillar nedover den ville og dramatiske Flåmsdalen. Men dei færraste veit at dei kan ete nista si inni ei diger jettegryte. Rasteplassen ligg inni jettegryta som vart til for over 20 000 år sidan. Dei fleste syklistane susar forbi denne rasteplassen.
Frå Berekvam er det berre 11 km til Flåm stasjon og sjølve sykkelturen, med nedoverbakke og jevnt underlag, passa for alle. Den tøffaste utfordringa var å halde på bremsene ned gjennom heile dalen. Og då var det jo fint å stoppe opp nokre gonger for å sjå med nye auge på naturen rundt Noregs mest kjende sykkelveg.