skald.no > Nytt > Boknatta i Fjærland

Boknatta i Fjærland

Boknatta i Fjærland

Laurdag 21. juni gjekk nok ei boknatt inn i soloppgangen. I bokteltet heldt Karen Weichert føredrag om Jostedalsbreen i samband med den nye boka si «Jostedalsbreen».
og ungane vart lest for frå boka «Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp».

Boknatta var prega av mykje god underhaldning, nydeleg mat, blide folk og mange entusiastiske bokseljarar. Dei som heldt ut lengst kunne som vanleg sikra seg dei verkelege varpa. Det kan opplysast at boka "Af en norsk bjørnejægers oplevelser" vart Skald sin storseljar, med god hjelp av Fjærland Sogelag og ein ublid lagnad for bamsefar ei veke tidlegare...