Nils R. Ringdal har vore mange gongar tilbake på Voss sidan han slutta etter landsgymnaset i 1958, men denne gongen var det med bok i bagasjen! Vossaminne er forfattaren sine tilbakeblikk på ein trygg barndom og spennande ungdomstid i Vossabygda.
Dei frammøtte fekk smakebitar frå denne tida og dei fleste sikra seg ei signert bok, anten til nattbordet eller til å leggja under juletreet. Det blei også tid for ettertanke - illustratør Ivar "Knipo" Kvåle gjekk bort rett før boka kom ut. Me lyser fred over minnet hans.