skald.no > Nytt > Nattergal

Nattergal

Kai Martin Brekke debuterer med krim

Nattergal

Ei kvinne er funnen drepen på eitt av toaletta på Flåmsbana. Vi har fått stadfesta at kvinna var ein amerikansk professor på ferie i Sogn, men det er førebels ukjent kven gjerningsmannen er. Lensmann Mikkel Holo undersøkjer saka.

Sjå her kva Firda har funne ut: www.firda.no

BT følgde spora heilt til Flåm:
www.bt.no

Mord på Flåmsbana
Rett før påske debuterer Kai Martin Brekke med krimmen «NATTERGAL» der han har lagt handlinga til barndomsbygda Flåm.

Ei hetebølgje har lenge halde bygda i eit jarngrep. Sommaren skal bli endå varmare. Drepande varm, og blodig. Ein amerikansk professor blir funnen myrda på Flåmsbana. I jakta på gjerningsmannen møter lensmann Mikkel Holo ei ukjend side av bygda si historie, eit dødleg kvinnefellesskap og skruppellause hemnarar. Nattergalen syng i Flåm og set etterforskingsteamet på ein manndomsprøve før det endelege oppgjeret ved ein av dei mange turistattraksjonane i bygda.

Innb, nynorsk, 176 sider

ISBN 82-7959-072-2
Kr 188,-