skald.no > Nytt > Boklansering med kanariske smakebitar

Boklansering med kanariske smakebitar

Boklansering med kanariske smakebitar

Med tapasrettar og kanarisk tradisjonsmat lanserte SKALD praktboka "Gran Canaria – 53 opplevelser" i Oslo. Det var lagt opp til kanarisk stemning, og forfattaren, Øystein Eide, opna døra til Gran Canaria løyndomar.

Les bokmelding frå Aftenposten her: www.aftenposten.no

Les bokmelding frå Adresseavisen her: www.adresseavisen.no

Med "Tenk deg Spania i måneskin" fekk Olav Stedje tydeleg fram kva som er ein nordmann sin draum.
Også den spanske ambassaden var til stades på kaféen Onkel Donald i Oslo. Victoria de Axter Lopez og Pilar Mendoza Quiza frå turistavdelinga i ambassaden meiner bøker som denne er viktige.
– Det er nettopp dette vi jobbar med til dagleg, nemleg å syna at det er meir å gjere i Spania enn å ligge på stranda og sole seg, seier Pilar Mendoza Quiza i intervju med Frode Aga i Sogn Avis.