Skald gir ut boka «Torbjørn Isbjørn» og lanseringa gjekk føre seg i høvande omgjevingar, nærare bestemt på Naturhistorisk Museum i Bergen. Ungane frå Grønnestølen barnehage fekk opplest boka framfor ekte isbjørnar, polarrevar og kvalrossar.
Engelske Titus Kodzoman har gitt ut bok nummer to på norsk etter at han busette seg i Noreg. Han hadde allereie ideen om den vesle isbjørnungen som ikkje passar heilt inn, og saman med illustratør Anne Angelshaug vart boka ferdigutvikla i samarbeid med forlaget.
Sjå lanseringa av boka på Lørdagsmagasinet, 10. oktober: www.tv2nyhetene.no