skald.no > Nytt > Bok nr. 100 på Skald!

Bok nr. 100 på Skald!

«REIN LUKSUS frå Stad til Storen»

Bok nr. 100 på Skald!

Årets stasbok om Sogn og Fjordane og Skald si bok nr. 100 er no ute! I «Rein luksus frå Stad til Storen» har forfattar Arve Sandal og fotograf Arve Ullebø vandra, padla, sykla, klatra, fiska og jakta frå kyst til fjell i fylket. Bli med dei til soloppgang på ei fjellhylle i Nærøyfjorden og opplev lyssymfonien. Kom til grotta under Jostedalsbreen og sjå signaturen av Norge.

Klatr over Norges høgste fjellrygg og møt toppen av lukke på Storen. Eller sjå kva som skjer når ungane i Barnas Turlag er guidar for ein dag. Sogn og Fjordane er eit unikt stykke Norge som turistar reiser verda rundt for å oppleve ein gong i livet. Ei reise i dette landskapet frå Stad til Jotunheimen gjev kjensle av lukke og rein luksus.